Det står att berre offisiell godkjenning av frivilligsentralen i kommunestyre og formannskap før stillinga kan lysast ut.

Tidlegare i haust gjorde kommunestyret vedtak om å etablere ein frivilligsentral i Ørsta – slik Volda har hatt i lengre tid.

Framleis er det økonomiske spørsmål som er uavklart, og ein ventar framleis på den endelege godkjenninga frå kommunestyret og formannskapet.

Likevel skal ein ikkje vere nøydd til å vente særleg lenge på ei avklaring, skal ein tru assisterande rådmann Eldar Øye.

Formell godkjenning

– Kommunestyret skal ha to møte før jul – 15. november og 17. desember. Den formelle godkjenninga kjem nok på det fyrste møtet, seier Øye.

– Korleis vert prosessen vidare, og når kan ein vente å etablere sentralen?

– Det er vanskeleg å seie sikkert, men vi satsar på å lyse ut ei stilling rett etter godkjenninga, fortel Øye

Kontor?

Det har tidlegare vore snakk om at kontora til frivilligsentralen kan liggje i Vikegata.

Øye avkrefter dette.

– Administrasjonen har ikkje nemnt Vikegata, men vi har lyst til å nytte lokale som allereie er eigd av kommunen.

– Kan du nemne nokon konkrete?

– Ja, Kaihuset har til dømes vore nemnd som eit alternativ, men ingenting er avgjort, seier Øye.