– Vi flyttar festen frå Soltjeld for å få betre plass, fortel Jon Helge Bjørndal. Han skal halde appell under feiringa i hallen som vart opna i mars i år.

Bjørndal fortel at Soltjeld er for lite for dei største arrangementa.

– VD-hallen rommar 500 menneske utan problem. No slepp folk å stå i kø for å kome inn, og alle får ete samstundes, seier han.

Men sjølv om dei endrar hus er Soltjeld framleis viktig for innbyggjarane.

– Inntektene frå festen i VD-hallen skal gå til Soltjeld, slår Bjørndal fast.