Dermed vart det ein heller kort debatt om det som kanskje er eit av dei viktigaste dokumenta for Ørsta si utvikling dei komande tiåra i kommunestyret sist torsdag.

– Neste gong vi diskuterer samfunnsdelen i kommuneplanen, bør vi setje av ein heil dag. Det er mykje vi skulle ha gripe tak i. Innan 2020 treng Ørsta minst 480 nye bueiningar, står det i planen. Kvar skal vi ha dei? Dette heng saman med skulestruktur og barnehageutbygging. Diskusjonen vil kome i arealdelen, sa varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) i debatten.

Ville heim

Debatten om samfunnsdelen kom heilt mot slutten av kommunestyremøtet, og ikkje alle representantane verka interesserte i ein ny lang debatt etter både å ha diskutert økonomien og skjenkjepolitikken ganske grundig.

Nokre av representantane uttrykte også ynske om å få reise heim i finveret.

Men ordførar Rune Hovde letta litt på trykket med å foreslå at visjonsdebatten vart utsett til seinare. Då formannskapet handsama samfunnsdelen til kommuneplanen vart det brukt mykje tid på å diskutere visjon. Det sa kommunestyret seg samde i, og det vart ingen debatt om visjon. Tidlegare er også slagordet trekt ut av planen.

Det var også semje om at ein berre skulle diskutere die sidene av planen som går under nemninga handlingsprogram.

Planstrategi

Som ein del av saka var også kommunen sin planstrategi, og det vil seie ein plan der dei plananane kommunen skal arbeide med dei komande åra er lista opp og prioritert.

Jostein O. Mo (Ap) påpeikte at denne delen ikkje var oppdatert, med til dømes at der var nemnt planar som var under arbeid, men som var vedtekne. Mo bad om at ei oppdatering vart gjort.

Gunnar Knutsen foreslo at det i planstrategien vart lagt til at det må kome ein plan for tidleg innsats blant barn og unge. Dette vart seinare vedteke.

Krabber

Inge Kolås (Frp) kom med endringsforslag. Under klimatiltak ville han ha med lokal reiselivsutvikling, og under punktet om artsrikdom ville han ha med at ein la forholda betre til retting for utbygging i strandsona.

– For byggjer du ei kai, vil t.d. ein få fleire krabber, for dei kan bu under kaia, sa Kolås.

Sven Castberg (H) la vekt på at planverket er omfangsrikt.

Landbruksareal

– Det står utruleg mykje i desse planane, og det står mykje bra. Vi har fått kritikk for at vi har vore for lite konkrete, og seier for lite om alt for mykje. Vi har ikkje prioriterte mål, sa Castberg.

Han gav eit døme, og det er at det i planen heiter at både landbruk

– Når skal prioritere både landbruk og tilretteleggje for auka busetjinga og absolutt alt som er, kvar skal ein då ta areal ifrå? Kvar i Ørsta skal vi finne areal til bustader? Viss det skal gjerast med å ta landbruksareal, må det fram i planen. Skal vi ha vekst på Vartdal, må snart nokre av vartdalingane gje areal. Vidare vert det snakka om spreidd busetjing, men kven har råd til det? Vi treng nytt bustadfelt på Vartdal som skaper trivsel og miljø. Vi kan ikkje ha det spreidd, sa Castberg.

Spreidd busetjing

– På bygdene vil ikkje folk bu konsentrert. Dei vil ha plass. Det er difor dei vil slå ned på bygdene. No har vi nokre rigide LNF-reglar, og det er ikkje lenger råd til å få byggje. Kvifor er det ikkje fleire enkle tomter på bygdene? Undra Pål Heggestad.

Jostein Mo minte då om at dette vil vere ein debatt ein måtte ta igjen i arealplanen.

Barnehagar

Unn Frøland (Sp) meinte det stod feil i planen om barnehagedekning.

– Det er ikkje rett at barnehagetilbodet på bygdene er tilfredsstillande. Det er for få plassar på Sæbø, og på Dalane er det stor kø. Viss ein byggjer ut Dalane vil det avlaste Sæbø. Og så slepp sentrumsbarnehagane at Dalane-foreldre tek opp sentrumsplassar, sa Frøland.

Per Are Sørheim (H) var mykje samd med Frøland.

– Eg støttar det Frøland seier om barnehagar, men dette treng nødvendigvis ikkje vere nokon ny barnehage i kommunal regi, sa Sørheim.

Maritim klyngje

Han meinte elles at det er viktig at Ørsta set seg nokre viktige mål for samfunnsutviklinga, og nemnde nokre døme.

– Det er at vi må knyte næringslivet vårt nærmare den maritime klyngja, innan reiseliv må vi ha fokus på Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane, og vi må utvikle oss vidare som handelssentrum og leggje til rette for næringsareal, sa Sørheim.

Kommunestyret vedtok få endringar i samfunnsdelen, og han vert no liggjande som eit grunnlagsdokument når arbeidet med kommuneplanen for Ørsta vert teke vidare, mellom anna med arealdelplanane.

Inge Kolås ynskjer meir bygging i strandsona.
Per Are Sørheim ynskjer sterkare tilknyting til den maritime klyngja.
Unn Frøland ynskjer barnehageutbygging på Legene.
Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) ventar meir debatt om kommuneplanen under handsaminga av arealdelen.