Etter ny handsaming av saka, inkludert synfaring, har eit samrøystes samfunnsutval sagt ja til at Kåre Liadal får halde fram med å byggje fritidsbustad, naust og å byggje på moloen i Liadal. Moloen vart i si tid sett opp ulovleg.

Fordelar

Samla sett ser samfunnsutvalet at fordelane er større enn ulempene for dispensasjon i saka. Utvalet føreset at ei kraftline i området vert flytta.

Vedtaket som kommunen gjorde i mai i fjor vart påklaga av Ingebjørg Moe Eriksen og Jon Havaas Eriksen. Dei skal byggje like ved der Kåre Liadal etablerer m.a. fritidsbustad. Etter å ha handsama klagen oppheva fylkesmannen i januar i år kommunen sitt vedtak, og sende saka tilbake til ny handsaming i kommunen.

Grunngjeving

Fylkesmannen meinte at kommunen ikkje hadde gjeve ei tilstrekkeleg grunngjeving for at Liadal sin fritidsbustad kunne godkjennast. Saka var såleis ikkje godt nok opplyst til at fylkesmannen kunne ta stilling til om kommunen hadde utøvd eit sakleg skjøn. Fylkesmannen fann også at saka sin karakter tilsa at ho burde sendast til sektorstyresmaktene for fråsegn.

Byggearbeidet har vore kravd stoppa ei stund grunna saka si utvikling.

Merknad

Eigar av eigedomen mot sør, ekteparet Eriksen, har hatt merknader til høgd og nivåendring på moloen. Og dei har protestert på at moloen vert heva, slik planen er. Heving vil etter Eriksen si vurdering føre til auka båttrafikk, noko dei meiner vil vere til sjenanse. I tillegg meiner dei eigedomen vert forringa også grunna dårlegare utsikt.

Samfunnsutvalet diskuterte saka lenge under siste møte. Og det var ein lang debatt om korleis vedtaket skulle formulerast. Utvalet legg til grunn at søkjaren, ut ifrå tidlegare vedtak om dispensasjon i frådelingssaka, kunne rekne med å få løyve til å byggje ein fritidsbustad på eigedomen. Samfunnsutvalet meiner omsynet til fri ferdsel i strandsona er ivareteken.

Endring

Utvalet kan elles ikkje sjå at ein med denne dispensasjonen har sett vesentleg til side dei interessene som er føresett teke i vare i tidlegare gjeven dispensasjon om reguleringsplan.

Utvalet ser heller ikkje at utbetring av moloen vil føre til vesentleg endring i høve allereie gjevne løyve.

Tomta si breidde mellom kaifront i hamna til eigedomsgrensa i aust vert ca. 28 meter. Etter samfunnsutvalet si vurdering er dette så kort avstand at ein reduksjon av storleiken på bygningen, som kan føre til at avstanden mellom hytteveggen og kai vert redusert med to til fire meter, vil ha lita betydning for om området ved sjøen vert oppfatta som privatisert eller ikkje.

Her byggjer Kåre Liadal fritidshus og naust i Liadal.