– Dette er veldig bra. I levekårsutvalet var det stor semje om å styrkje korttidsavdelinga. Vi har sett på dette som viktig frå ein politisk ståstad lenge, og hadde håpa at denne saka skulle kome opp, seier leiar Sven Castberg.

I tilrådinga som Levekårsutvalet gjekk inn for Ørsta ynskjer ein å vidareføre utviklinga av korttidsavdelinga ved Ørstaheimen med å styrke personalgruppa. Det vert oppretta to stillingar som sjukepleiarar for å styrke avdelinga på dag og kveld, og ei stilling på natt.

Målet ved å gjere dette er å gje sjukepleiedekking i avdelinga heile døgnet, og det er dekt av tilskotet for samhandlingsreforma.

– Vorte gjort ein fantastisk jobb på avdelinga

– Vi veit at vi har brukt mykje pengar, og vi veit at denne avdelinga må styrkast for å kunne ta imot utskrivingsklare pasientar i samband med samhandlingsreforma. Dette vart akkurat slik som vi ynskte det. Det har vorte gjort ein fantastisk jobb på denne avdelinga, og dei har teke mot den store auken i pasientar som har vorte utskrive frå sjukehuset i Volda. Både organiseringa og gjennomføringa har vore bra. Frå å vere ein versting med å ha utskrivingsklare pasientar på sjukehuset i Volda er vi no blant dei beste i klassa, seier Castberg.

I tilrådinga ligg det også at det vert løyvd 150.000 kroner til innkjøp av medisinsk utstyr, og det vert påpeika at det er viktig at ein får styrkt avdelinga straks. I tillegg vil dette vere eit grunnlag for å fremje søknad om tilskot til opparbeiding av øyblikkeleg-hjelp-plassar som skal vere etablert til 1. januar 2016.

Rekruttere fagpersonar

Årsaka til at korttidsavdelinga var oppretta var for å imøtekome krava i samhandlingsreforma og den nye helse- og omsorgslova. I november 2011 vart det vedteke i kommunestyret å gjere om 8–16 langtidsplassar på sjukeheim til korttidsplassar. I tillegg vart rehabiliteringsavdelinga styrkt med avdelingssjukepleiar i full stilling.

I dag er det sju plassar, og ein har merka eit klart auka press på avdelinga utan at det er gjort vedtak om auke i bemanninga. Grunna arbeidspresset har det vorte leigd inn nøkternt med personale for å drive forsvarleg. Derfor ynskjer ein no at det vert oppretta faste stillingsheimlar, slik at ein får rekruttert fagpersonar.

Ifølgje rådmannen har avdelinga levert etter planen, men påpeiker at det er unødig slitande å leige inn personale på kort sikt då ein ikkje har nok fagpersonar.