Vårteikna står i kø, etter at vinteren forhåpentlegvis gjorde si siste krampetrekning med snøfallet i helga.
På Frøland-garden i Bondalen er livets mirakel levande prov på at sommaren er nær. Der trippar nemleg nyfødde lam kringom – til stor glede for borna frå Sæbø barnehage, som hadde teke turen for å oppleve dyra på nært hald.
Då er det naturleg at det dukkar opp mange spørsmål.
– Ja, vi hadde ein liten gut her som lurte på om hesten vår hadde kome ut av ei ku, og vorte hest etterpå, seier Ragnhild Frøland.
– Kva svarte du då?
– Då svarte eg at ein hest kjem ut av ein anna hest. Nyttig kvardagslære, ler ho.
Oppleving
Både hoppa Falla, kyrne, sauene og dei vekegamle lamma og kattungane var ettertrakta attraksjonar blant dei små.
– Denne var søt. Kan eg ta han med meg heim? spør Alette Myrhol, med ein kvit liten krabat i lankane.
Andre utfordrar si eiga komfortsone, og let Dagros kome såpass nært innpå at dyra får sleikje jakkelinningen.
– Tøft! seier Eskil Rødvik Stokke.
Tradisjon
Unn Frøland er dotter av gardseigar Kjell Frøland, og seier dei plar å invitere barnehageungane minst eit par gangar i året.
– Då får dei klappe dyra og ride på hesten. Etterpå lagar vi oss middag, og nyttar dagen på garden. Det tykkjer dei er svært, seier ho.
Og ser ein på barna sine reaksjonar, er det ingen tvil i at denne dagen var populær.