Det skal m.a. byggjast ein avisingsplattform og lagast til eit område for eit snødeponi for kjemikaliehaldig snø.

– Anlegga er planlagt bygde i løpet av sommaren 2012, og vil stå klare til avisingssesongen 2012/2013m fortel lufthamnsjef Kjetil Årøen i søknaden til kommunen.

For å kunne byggje anlegga, må Avinor ha utsleppsløyve. Maksimalt vil det verte sleppt ut fem liter vatn per sekund med kjemikaliehaldig vatn til spillvassnettet.