Det seier ordførar Jørgen Amdam i Volda etter at regjeringa har gjeve Voldatunnelen plass med statlege midlar i perioden 2024–2029 i forslaget til Nasjonal Transportplan (NTP).

Det er ikkje så tidleg som Amdam hadde håpa, men der han meir hadde frykta prosjektet vart plassert i og med at det ikkje har vore lekkasjar om Voldatunnelen i forkant.

Likevel meiner Amdam at det skal vere mogleg å få til ein anleggsstart for Voldatunnelen kanskje allereie om fem år.

– Vi har eit prosjekt der alle planar vert ferdige og vedtekne i løpet av dette året. Vi har ein anleggsbransje som skrik etter oppdrag. Dette prosjektet er eit av dei enklaste å byrje med. Difor må vi no arbeide med å få både dette – og heile bompengepakken saman med Ørsta, på plass, seier Amdam.

Også stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) meiner det kan vere mogleg med ein byggjestart i løpet av 2022/2023 etter at samarbeidspartia på borgarleg side er samde om Norsk Transportplan for perioden 2018–2029. Det seier han i ei pressemelding.

Reiten peikar på at det også skal til ein vesentleg bompengefinansiering av dette prosjektet. Voldatunnelen er kalkulert til 900 millionar kroner, der seks hundre millionar skal verte finansiert med statlege midlar, og 300 millionar kroner med bompengar.

Det er ikkje sett av pengar til Hafast i perioden, men i NTP er det slått fast at Hafast skal vere det neste store fjordkryssingsprosjektet etter Møreaksen.

Ørstafjordkryssinga

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp) er nøgd med at Voldatunnelen har fått plass, og er samd med Amdam i at prosjektet må forserast.

Han er ikkje like godt nøgd med at Ørstafjordkryssinga ikkje er nemnt med eit ord.

– Men vi gjev ikkje opp. Dette prosjektet er framleis aktuelt fordi vi enno ikkje veit resultata av målingane av vind og straum som skal gjerast i samband med Hafast-prosjektet dei komande åra, seier Aam.

Han er dessutan vonbroten over dei samla løyvingane til E39 i fyrste del av planperioden.

– Halvparten av NTP går vekk til jarnbane på Austlandet, seier han.

Håp: Ordførar Jørgen Amdam i Volda, her saman med varaordførar Karen Høydal i Ørsta, har håp om tidleg byggjestart for Voldatunnelen. Foto: Rune Sæbønes