– Gjennom femten år har Saudehornet rett opp vore ein stordugnad mellom ulike lag. No har ein kome til eit punkt der det er behov for nye krefter for å arrangere løpet som er svært viktig for kommunen vår, seier Siri Dahl, Erlend Andersen, Svein Steinnes og Odd Magne Vinjevoll.

Dei har alle hatt aktive og sentrale roller i og rundt Ørsta sitt motbakkeløp.

Naturfestivalen

Saudehornet rett opp vart for to år sidan hovudarrangementet i Naturfestivalen i Ørsta. Festivalen står godt på eigne føter, og det er ingen fare med han. Utfordringa ligg derimot i å få arrangert løpet til Saudehornet som på det meste har samla kring 600 deltakarar. Turen frå småbåthamna, der starten er, til toppen av Saudehornet er 5,5 km lang og deltakarane går 1.303 høgdemeter før dei er i mål.

Det var langrennsgruppa og friidrettsgruppa i Ørsta Idrottslag som i si tid tok initiativ til Saudehornet rett opp. Gruppene har hatt samarbeid med andre om løpet der eldsjeler gjennom mange år har stått på og trekt i trådane. Mangel på kapasitet, og slitasje, gjer at det no er stort behov for ei revitalisering av løpet, der det er eit ønske om at folk med kapasitet, engasjement, entusiasme og nye idear kjem på bana snarast slik at det sekstande Saudehornet rett opp vert arrangert første helga i august.

Ansvarlege

– Mange av oppgåvene er enkle. Utfordringa ligg først og fremst i dei ansvarlege oppgåvene. Difor er det også viktig at vi får på plass folk med eigenskapar for styring og leiing for dette konseptet som er godt innarbeidd, seier Siri Dahl, Erlend Andersen, Svein Steinnes og Odd Magne Vinjevoll.

Det er behov for kring tretti personar for å få arrangert løpet, i tillegg kjem folk frå Røde Kors og reiselivslaget.

Leiar i Ørsta småbåtlag, Svein Steinnes, fortel også om behov for nye krefter for laget sitt arrangement i hamna under og etter Saudehornet rett opp.

– Etter mange år røyner det på kreftene å stille på dugnad år etter år. Vi har mellom anna alltid behov for mange vakter, og vona er å få nye på bana, seier Steinnes.

Dahl, Andersen, Steinnes og Vinjevoll fortel at ei ny nemnd for motbakkeløpet vil stå fritt til å tenke nytt, også om inntekter skal fordelast eventuelle lag. Dei håper interesserte snarast tek kontakt.

– Dette løpet genererer stor merksemd og betyr mykje for Ørsta si merkevarebygging og omdøme. Tilbakemeldingane frå deltakarane er gode, og ringverknadene for handelsstanden og det sosiale livet i Ørsta er betydelege. No må folk kjenne besøkstida si, slik at vi også i år får arrangert dette på ein god måte.

Interesserte vert bedne om å ta kontakt med Erlend Andersen.

2013: Øystein Sylta frå SK Vidar var førstemann over mållinja i 2013, 1.303 meter over havet. Tida var 51.06. Foto: Lars ivar Nordal
Oppmoding: – Meld deg som frivillig, oppmodar Siri Dahl, Erlend Andersen, Svein Steinnes, Odd Magne Vinjevoll. Foto: Roy-Arne Folkestad