Kommunepsykolog Laila Amiri fortel om ressursteamet som er sett saman av personale frå helsestasjonen, PPT og barnevernet, i tillegg til henne sjølv. Ressursteamet er eit lågterskeltilbod for skular, barnehagar og foreldre/føresette.

Tidleg hjelp

Hovudmålet for ressursteamet er å bidra til at barn som av ulike grunnar treng ekstra stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp.

– Tidleg hjelp er eit viktig stikkord. Det kan vi ikkje understreke sterkt nok. Små sår kan verte store arr om vi ikkje går tidleg inn med rett hjelp, seier Amiri.

I Ørsta har det vore ressursteam sidan 2015, men enno er det litt for dårleg kjent. Det ønskjer dei involverte å gjere noko med.

– Det kan høyrest litt skummelt ut når både PPT og barnevernet er med, men det er heilt ufarleg, forsikrar Kjellfrid Hovdenakk frå barnevernet.

– Vi ser på saker med tverrfaglege briller, og har teieplikt. Vi er eit rådgjevande organ, og er til for å drøfte ulike utfordringar som barn og unge har, seier ho.

Reidun Tvergrov Øye fortel at samansettinga av teamet er gull verd.

– Vi har ulike erfaringar og ulike måtar å jobbe på. Saman er det ei god oppskrift. Drivkrafta vår er at når vi går tidleg inn med råd og rettleiing, så kan vi unngå å få saker på bordet etter fleire år, når problema har vakse seg så store at dei er vanskelegare og tyngre å handtere for dei involverte.

Råd og rettleiing

Føremålet er altså å vere ein drøftingspart for pedagogisk personale i barnehage og skule og for foreldre/føresette, slik at det vert avklart kva førstelineteneste saka eventuelt skal verte send til.

– Men ofte er det nok med eit møte med oss der dei får lufta uroa si. Med litt råd og rettleiing i botnen er det mykje som kan løyse seg av seg sjølv.

Aktuelle problemstillingar kan vere endring i åtferd – til dømes energinivå, temperament, isolering, konfliktar m.m. Vanskar med sosial samhandling med andre, uro når det gjeld nattesøvn og matvanar, endring i skuleprestasjonar og/eller innsats, fråvær, eller at eleven vegrar seg for enkelte situasjonar i skulekvardagen, utan at dei vaksne finn ut av kvifor.

– Ingen spørsmål er dårlege. Ta heller ein telefon for mykje enn ein for lite, seier Hovdenakk, som er kontaktperson for ressursteamet.

– Ikkje sit aleine og uro deg. Snakk med fagfolk som kan dette, og vi kan love at dei som går ut etter møtet med oss ofte kjenner seg mange kilo lettare og gladare til sinns, forsikrar Amiri.

Kapasitet

Ressursteamet har møte ein dag i månaden der sakene vert drøfta, saman med foreldre/føresette og skulen eller barnehagen, og dei har kapasitet til å ta i mot fleire saker.

– Vi er mange fagpersonar som tenkjer høgt saman. Noterer vi noko, vert dette makulert i etterkant. Det vert ikkje skrive referat eller oppretta journal på saka. Ta magekjensla på alvor. Foreldre/føresette er dei som er ekspertar på sine barn og veit best. Dette tek vi på alvor. Dei som kjem til oss skal kjenne seg sett og lytta til, seier dei.