Sentrumsbutikkane i Vikegata har i år gått saman om å arrangere julemarknad. Ein ide som kom opp i planlegginga var at Ørsta skulle få sin eigen peparkakelandsby, og den byrjar no å ta form før opninga av julemarknaden seinare i dag.

– Inspirasjonen er henta frå andre byar som også har peparkakelandsby, men det vert med vår eigen vri. Peparkakelandsbyen vert opna i kveld, og vil står heile neste veke, seier Knut Arne Nygård.

Storinnrykket av peparkakehus kjem frå skulane og barnehagane i Ørsta. Nokon private har også lagt ned ein innsats, og desse husa er allereie på plass. I løpet av dagen i dag er venta at det kjem inn 40–50 peparkakehus.

– Det vert ein ordentleg peparkakelandsby, og dette er noko som vi har planar om å ha kvart år framover for å få enno meir julestemning i Vikegata, seier Nygård.

Tre grupper frå Ørsta ungdomsskule leverte sine bidrag til landsbyen fredag føremiddag. For skuleelvane vart bygginga av peparkakehusa ein del av ei matteoppgåve. To av gruppene som leverte hus fredag hadde gått for eit maritimt tema, og den siste gruppa var inspirert av austleg arkitektur.

– Det bra at vi får stille ut husa her, og då kan folk sjå kva vi kan, seier Martin Vinjevoll Nes.

Det vert også ei konkurranse om kven som har det finaste peparkakehuset, og alle gruppene går for siger.

– Vi satsar på å vinne, seier Benedikte Vatne.