Årets tv-aksjon set fokus på sjukdomen demens, og kommande søndag kjem bøsseberarane rundt på dørene til alle i Ørsta og Volda. Pengane som vert samla inn går til Nasjonalforenigen for folkehelsen, og dei vil arbeide for ein lettare kvardag for dei som har demens, og bringe forskinga framover slik at færre får sjukdomen. Over 70.000 menneske i Noreg har Alzheimer eller ein annen demenssjukdom i dag. 10.000 får sjukdommen kvart år, og den kan ramme kven som helst. Over 300.000 menneske i Noreg opplever at deira partner, forelder, søsken eller barn forsvinn litt etter litt.

Motiverte næringslivet

Under tv-aksjonen vil det vere kommunekamp, og i år er Ørsta kommune valt ut til å vere med. Ørsta skal konkurrere mot Sortland og Søgne, og tysdag var NRK på plass for å lage innslag til sendinga søndag. Programleiar Jan Petter Saltvedt hadde med seg fotograf, i tillegg til Kjell Kjellen Bigset som motivator og kjentmann. Den lokale arrangørkomiteen har i år teke eit ekstra initiativ inn mot næringslivet. Under tv-aksjonen i fjor var det berre eitt bidrag frå næringslivet, og det var Venke Guldis Vassbotn i Guldis Aroma som gav 800 kroner. Tysdag fekk ho besøk av Saltvedt og Kjellen på klinikken sin, og oppmodinga var at næringslivet måtte støtte opp om tv-aksjonen. På Ørsta kulturhus hadde mange representantar frå næringslivet samla seg, og for første gang i Ørsta vert det i år ringerunde. Berre på nokre minutt med ringing tysdag kom det inn 20.000 kroner til tv-aksjonen, og fram til og med søndag vil dette beløpet berre stige og stige.

– Overbevist om at vi kan ta dette heim

At næringslivet i Ørsta no er på gli, og støttar opp om tv-aksjonen er Saltvedt glad for.

– Det er veldig kjekt å sjå responsen her. No er her ringedugnad for første gang her, og det er ein av tinga som har gjeve mykje pengar og respons elles i landet. Det er kjempehyggjeleg å kome rundt her, og eg trur det må vere manglande bevisstheit som har gjort at folk ikkje har gitt pengar her før. For no er responsen veldig positiv.

– Så du trur at Ørsta kan hevde seg i kommunekampen?

– Eg legg alt av min vesle prestisje inn i at vi skal vinne denne kampen her. No fekk eg velje stad først, og etter vi endeleg fekk landa med flyet så er eg overtydd om at vi kan ta heim dette, seier Saltvedt smilande.

10.000 kroner frå Vik Ørsta

I tillegg til å vitje Guldis Aroma var Saltvedt og Kjellen også innom Fru Svendsen, Møre Folkehøgskule, Hotel Ivar Aasen, Vik Ørsta og Enerbygg trelast. På Vik Ørsta hadde dei sjekken allereie klar, og bedrifta gav 10.000 kroner til tv-aksjonen. Dei tilsette i kommunen fekk også vitjing av tv-teamet under Robek-samlinga på Ørsta kulturhus, og søndag får du sjå dei synge første vers av «Mellom bakkar og berg» med Kjellen som forsongar.

– Ta imot bøsseberarane med glede og entusiasme

– Kva er oppmoding til folk i Ørsta til det som skal skje søndag?

– Hugs å ta ut pengar, for det er noko som vi ikkje gjer lenger. Ta imot bøsseberarane med all den glede og entusiasme som er mogleg. Det er ei sak og bodskap her. I den grad ein kan setje seg litt i det så er det viktigaste av alt er folk får litt større innsikt i kva demenssaka dreier seg om, og at fleire av oss får større kunnskap rundt det å verte ramma av demens som vi ikkje har hatt. For alt dette dreier seg om å gjere kvardagen betre for dei som vert ramma, eller som er berørte. Det vert kalla den nye folkesjukdommen, og det er ikkje tilfeldig, seier Saltvedt.

Saman med Erik Thorstvedt og Haddy N’jie leiar Jan Petter Saltvedt årets tv-aksjon søndag.