I kommunetesten har Forbrukarrådet utgitt seg for å vere privatpersonar, og har teke kontakt med alle kommunar i Noreg på e-post, telefon og via kommunen sine nettsider. Kommunane er testa på sørvis, tilgjengelegheit og informasjonskvalitet. Kvar kommune har fått 19 førespurnader.

I testen kjem Ålesund kommune best ut i møre og Romsdal, tett følgt av Nesset og Sandøy. Aukra kjem dårlegast ut i landet. Volda hamnar på ein femteplass.

Nedadgåande

I 2009 fekk Ørsta 100 av 100 mulege poeng. I 2011 dalte totalen ned på 70,5 poeng, og i år fekk kommunen berre 58,6 poeng.

Spørsmåla Forbrukarrådet har stilt til kommunen om barnehage har gitt full pott og 100 poeng. Her har dei fått det dei bad om. Når det gjeld byggesaker oppnår kommunen berre 33 poeng, mot 99 i Volda, noko som fører dei til topps i landet på dette området.

Sjukeheim skårar også høgt i Ørsta med 91 poeng, og idrett får 98.

Her slår ørstingane voldingane. Sjukeheim i Volda får 74 poeng og idrett 60.

Snittet for Ørsta gir 58,6 poeng, noko som held til ein 239. plass blant landets 428 kommunar.

Volda får eit snitt på 69,9, som held til ein 77. plass.

Fylkessnittet er på 56 poeng, og landssnittet på 60.

Nest dårlegast

Roger Helde ved Forbrukarrådet i Midt-Noreg er ikkje i tvil om kva som skal til for å verte god på sørvis og informasjon.

– Kommunane må gi relevante, rette og raske svar når innbyggjarane lurer på noko.

Forbrukarrådet har testa i kva grad kommunane gir god informasjon om ulike tenester, ikkje tenestene sitt innhald og kvalitet.

Samla sett er Møre og Romsdal det nest dårlegaste fylket i landet, og har fleire gongar tidlegare ligge langt ned på lista på landsbasis. I år har fylket ingen kommunar blant dei 20 beste i landet.

Rollag i Buskerud vart kommunetesten sin klare vinnar med 88,9 poeng, framfor Stange (Hedmark) og Fyresdal (Telemark) som begge fekk 83,6 poeng.