Karl Anton Voldnes, Leikong, hadde det beste lammet, og fekk kvit sløyfe. Ørstingane gjer også godt avlsarbeid, og Kolbein Ryste fekk raud sløyfe for å ha det nest beste verlammet medan Lars Johan Sænønes fekk blå sløyfe for det tredje beste lammet under kåringa. Sindre Volle hadde beste fjorårsver, og vart også premiert.

Dårlegare kvalitet

Kvaliteten på årets lam var jamt over noko dårlegare enn i fjor.

– Resultata var litt i underkant av det dei plar vere. Ein fuktig sommar har gjeve lågare vekter på lamma, konstaterer styremedlem Olav Myklebust i verringen.

Denne gongen vart hundre vêrar frå verringen stilt ut. Det er førti færre enn i fjor. I tillegg vart det som vanleg stilt nokre vêrar som ikkje høyrer til Sunnmøre verring.

– Det er nok fleire årsaker til nedgangen. Talet på sauebønder går ned, og no har vi nyleg mist to buskapar slik at vi i verringen har att 25 buskapar. Nokre bruk gjennomfører no generasjonsskifte der ingen tek over, seier Myklebust.

Første steg

Verlamkåringa er første steg i utvalet av avlsverar. Kåringa dannar grunnlag for det vidare utvalsarbeidet på hanndyrsida, der dei beste kåra lamma vert sett inn som prøver til avkomsgransking i verringen. Sal av kåra lam er også eit viktig tiltak for å spreie den avlsmessige framgangen til dei som ikkje sjølv driv eit aktivt avlsarbeid i eiga besetning.

– Verringen plukkar ut neste års vêrar i ringen. Vi kjøper kring tretti lam. Det er no tida er inne for å skaffe seg ver. Paringa startar i november. Det er berre å ta kontakt, oppmodar Olav Myklebust.