– Avdelinga er 13 år gammal, og vi følte at det var på tide at noko vart gjort, seier einingsleiar Ingrid Mork.

Ho fortel at dei tilsette valde å gjere målarjobben sjølve, då dei veit at eigedomsavdelinga har nok med andre ting å styre med. Med hjelp frå vaktmeistrane vart det handla inn måling og kostar, og sjølve målejobben skjer i arbeidstida.

– Vi har jobba oss frampå med andre ting, slik at vi får tid til dette. Det er nøye planlagt, seier Mork.

Takksame pasientar

To stover får eit løft, og ein litt skittengul farge er snart historie. Ei av stovene er alt ferdig, og den andre var dei tilsette i aksjon med på fredag.

– Pasientane skryt veldig av endringane, og lysare omgjevnader påverkar også oss tilsette. Det gjer godt med litt endring, både for pasientane og for oss tilsette, seier Ingrid Mork.

Og det går unna. Den første stova vart måla på 3,5 timar, og dei var fem i aksjon.

– Det seier litt om arbeidsmiljøet her også. Vi har ein travel kvardag, men vi har overskot, lyst og ork til å gjere litt ekstra, seier Marion Mo.

Moderne og tradisjonelt

Veggene måler dei heilt kvite, med litt grått i. I tillegg har dei ein kontrastvegg med mørkare gråfarge.

– Det er moderne fargar. Men vi har i bakhovudet at det er dei eldre som skal bu her, så med tanke på gardiner og pynt, så vil dette vere ting og fargar som dei likar, seier Mork.