Rådmann Wenche Solheim seier at rammene til disposisjon krev meir omstilling, strukturendring og nedskjering, og at det er ikkje muleg å oppretthalde dagens drift. I tillegg tek strukturendringane i helse- og sosial for lang tid.

Formannskapet skal handsame framlegget til budsjett og økonomiplan i møte i dag, 3. desember. Saka skal opp deretter ut på høyring før endeleg vedtak vert fatta i kommunestyret 19. desember.

Får mindre enn dei treng

Det er særleg institusjon som signaliserer at dei ikkje klarer seg innanfor tildelt ramme, då dei har ein sprekk på 8,4 millionar kroner. Rådmannen har bestemt å samle seksjon institusjon og størstedelen av heimebaserte tenester i ein seksjon for å sikre god pasientflyt. Dei to seksjonane har i sine budsjettframlegg behov for 142,2 millionar, medan rådmannen i sitt budsjettframlegg tildeler 131,7 millionar, ein differanse på 10,5.

– Dette betyr at seksjonen ikkje er finansiert i høve dagens drift og må raskt organisere seg slik at drifta vert tilpassa rammene.

Dette betyr raskare omstilling til bufellesskap og kan bety at fleire pasientar vert liggjande på sjukehus etter at dei er utskrivingsklare.

Nye rundar

Rådmannen melder samtidig at ein mangel på 22,5 millionar kroner gjer at politikarane bør ta nye rundar i høve skulestruktur og elles drøfte kvalitetsnivå på tenestene.

Elles rår rådmannen til å vidareføre eigedomsskatten.

– Skatten er ei mellombels løysing for å dekke tidlegare års meirforbruk. Den bør vidareførast for å finansiere investeringar, uttalar ho.