Til dagleg driv Håskjold klesbutikk, kakeblogg og sett opp musikalar, og no skal ho bake om kapp med 11 andre på TV. Opptaka til serien vart gjort i mai og juni i fjor, og Håskjold har måtte halde deltakinga hemmeleg fortel ho til bygdeposten.no.

– Eg måtte jo fortelje det til dei aller nærmaste pga. jobb og sånn. Men då eg først la det til side, så var det ikkje vanskeleg å halde tett. Det har heller ikkje vore noko prat om det.

Det var faren til Håskjold som fekk henne til å melde seg på programmet, og ho tykkjer det var moro å vere med.

– Det var ekstremt intenst og eg gjekk inn i eit vakuum som berre handla om baking. Berre oppskrifter og smak. Skulle eg valt 63 prosent sjokolade i staden for 70 prosent.

Håskjold angrar ikkje på at ho tok sjansen og melde seg på programmet, og ho seier til avisa at dette er hennar form for ekstremsport.

– Det har vore ei utfordring kor TV3 viser Anne Kat. gjere ting ho ikkje kan. Ein kan ikkje melde seg på dette om ein er redd for å drite seg ut. Det er viktig å leve litt utafor komfortsona, elles vert det lite utvikling.