Med bakgrunn i eit utspel frå Volda kommune omvurdering av ei fartsgrense på 40 km/t i Volda sentrum, sende Statens vegvesen på høyring eit forslag til fartsgrense 40 km/t gjennom sentrum. Det var omsynet til dei mjuke trafikantane som var grunnlaget for å vurdere å setje ned fartsgrensa frå 50 km/t.

Fleire bilar gjennom sentrum

I høyringa uttrykte politiet eit ønske om nedsett fartsgrense gjennom krysset med Industrigata ved Spinneriet.

– Statens vegvesen si oppfatning er at fartsnivået allereie er lågt i dette området. Dette som følgje av kurvaturen på vegen, og krysset i seg sjølv.

Kvivsvegen og den komande statusen som E39 på vegen gjennom Volda sentrum har ført til ein auke i trafikken. Vegvesenet vurderer det slik at framkomsttilhøve er eit større framtidig problem enn høg fart.

Politiet har også sagt at dei meiner flytting av europavegen vil gjere forholda farlegare i ferjekrysset ved Skår-bygget, men også her er Statens vegvesen av ei anna oppfatning.

– I framtida kryssar ikkje europavegen vegen ned på ferjekaia, men fortset rett fram. Når færre bilar må krysse vegen, vert vegen tryggare for alle partar. Større køyrety slepp å krysse vegen i like stor grad som før, noko som er særs gunstig.

Ikkje nødvendig

Statens vegvesen har gjort strakstiltak for mjuke trafikantar i Volda sentrum. Dei har lyssett gangfelta med intensiv-lyssetjing. Vidare har dei fjerna det farlegaste gangfeltet (basert på ulykkesstatistikk).

Tidlegare i år varsla vegvesenet til kommunen at dei ville gå innfor å skilte ei fartsgrense på 40 km/t, men dette går dei no vekk frå.

– Vi vil vente med ei slik fartsgrense, melder dei og viser til fartsmålingar, høyringsutspel og trafikkutviklinga.

Sikringa av dei mjuke trafikantane meiner vegvesenet må verte sett i samanheng med sikringa mot at trafikantar køyrer på sjøen.

– Løysinga som ligg nærast er eit rekkverk mellom veg og kai.