I løpet av siste veke har ein liten dugnadsgjeng fått på plass orienteringsskilta i bua på Brua-parken og dei fem retningsskiltsamlingane i bygda. Berre nokre få skilt oppe i fjellheimen må vente til sommaren og barmark. Retningsskilta er monterte på solide impregnerte rundstokkar med gjennomgåande rustfrie boltar. Utanom veg til toppturar og trimturar, viser skilta sjåverdige mål, utsiktsstader og toalett nede i bygda.

Orienteringstavlene i bua på Brua-parken er oppbygde med foto som har innteikna stiar til fjells og i nærområdet. I tillegg er det tekst med turomtale på norsk, engelsk og tysk. Det er og markering med dei nye graderingssymbola som fortel om vanskegradene.

Prosjektet er finansiert ved midlar frå Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunen. Same opplegget vert følgt for heile Vestlandet. Urke Grendalag fekk tilsegn om 21.000 kr som dekkjer dei reine materiellkostnadene, medan eigeninnsatsen og dugnadsarbeidet skal dekke samla kostnad på 42.000 kr. Urke Grendalag har samarbeidd med Ålesund og Sunnmøre Turistforening ved ÅST at dekkjer skilta mot Patchellhytta og Velleseter.

Det skal lagast sluttrapport i oktober og der må både økonomi og dugnadsarbeid dokumenterast i tillegg til foto og kart. Det er ingen tvil om at dugnadsinnsatsen kjem til å overstige det som var stipulert. Men viljen til å gjere ein innsats veg tyngre enn å telje dugnadstimar. Hovudsaka er å skape ei triveleg bygd for gjester og dei fastbuande.