Hogne Barstad seier at han er ein skuffa barstadvikar på frigjeringsdagen, 8. mai.

– Eg såg berre eitt flagg i Barstadvik, og at skulen ikkje flaggar på ein slik dag tykkjer eg er veldig skuffande.

Barstad meiner at det er spesielt viktig at skulane markerer frigjeringsdagen ved å flagge.

– At enkeltpersonar som reiser tidleg på arbeid ikkje har fått på plass flagget er ein ting, men at skulen ikkje flaggar er veldig skuffande, seier Barstad.