Som andrekandidat på Møre og Romsdal arbeidarparti si nominasjonsliste, var plassen på Stortinget så godt som sikra allereie før valet. No er 23-åringen på plass i Oslo, der han som første ørsting på førti år har fått eitt eige sete i stortingssalen.

Albogar

– Eg har vorte teken veldig godt i mot. Eg hadde kanskje venta eit miljø med litt spissare albogar, men her er det veldig mange flotte, kompetente folk. Alt ifrå dei som vaskar og tek ut søppelet, til rådgjevarar og stortingsrepresentantar som gjer ein kjempegod jobb og tek oss godt i mot.

Måndagen denne veka gjekk til gruppemøte i Arbeidarpartiet, før det første møtet i Stortinget tysdag. Så var det kontorarbeid og intervju i TV2 som venta Fredric onsdag.

– Dette oppsummerer eigentleg arbeidet vi gjer: mykje arbeid i partigruppene, i salen og i media, seier han.

Rutinar

Første dagane på Stortinget bar preg av nye rutinar og nye andlet, og ikkje minst ein ny arbeidsplass.

– Det er surrealistisk å gå gjennom Slottsparken på veg til arbeid, så ser ein opp på Stortinget og tenkjer at det er her ein skal arbeide dei neste fire åra, seier Bjørdal.

– Så er det veldig mykje å setje seg inn i. Det aller verste er å finne fram. I går var eg stolt over å finne både kantina og kontoret mitt utan hjelp.

Inntil vidare går dei fleste på Stortinget og ventar på kva som skal skje vidare, og kva komitear ein vert plassert i.

– Det vil definere mykje av kva vi skal arbeide med dei neste fire åra. Og så er eg veldig interessert i å gjere eit arbeid for Møre og Romsdal og regionen. Dersom nokon ønskjer å ta kontakt, er det berre å gjere det, oppmodar stortingsrepresentanten frå Ørsta.