– På den måten vil ein få ei naturleg vidareføring heilt til Ose frå den promenaden som allereie finst ved og rundt småbåthamna og Hamneparken, seier Myklebust.

Også han meiner ein må gripe mulegheitene no når sjølina vert fjerna frå kommunen sitt plakankart for sentrum. Dette skjer i samband med den nye kommunedelplanen for Ørsta og Hovdebygda som snart skal leggjast ut på høyring.

Kjartan Myklebust meiner ein no har ei unik mulegheit til å få binde saman heile Ørsta sentrum for gåande, frå Ørsta Brygge til vekslet.

– Ja, no har ein mulegheit til å tenkje heile sentrumsområdet, og ikkje berre delar av det. Olav Aambøe sin ide, som vart omtala i Møre-Nytt sist laurdag, om ein promenade frå Amfi til Ørsta Brygge er god. Men folk vil kunne få ei endå betre oppleving ved at kommunen legg til rette for at folk kan spasere i nærleiken av sjøen også vidare frå småbåthamna, der det i dag er promenade, og forbi den gamle naustrekkja i «Kjøylå», over Osbrua og via Oseflatene til Vekslet, seier Myklebust.

Utynytte

I starten meiner han ein kunne ha utnytta dagens gangvegsystem.

– Men på sikt burde ein prøve å få bygt promenaden også nedom meieriet og Rema-bygget bort til Vekslet som er ein badeplass med flott sandstrand med potensial, foreslår Myklebust.

Den utflytte ørstingen jobbar i Kristiansand kommune som barn og unge sin representant i byutklilingstyret. I tillegg er han leiar for natteramnane i kommunen.

Kjartan Myklebust ser at der kan vere utfordringar knytt til den gamle naustrekkja ved småbåthamna.

– Men desse bør ikkje vere større enn at dei burde late seg løyse, vurderer Myklebust, oppvaksen på Vinjevoll.

Han meiner nye tider også bør innebere eit andletslyfting av Osbrua.

– Denne brua er rett og slett stygg. Brua burde pussast opp skikkeleg. Dette er trass alt inngangsporten til kommunen vår, minner Myklebust om.