– Er det stort nok?

Kulturrådgjevar og ein av hovudpersonane bak utforminga av nynorsksøknaden, Jostein O. Mo, kuttar kake til ordførar Rune Hovde. Resultatet er godkjent.

100.000 kroner

Ein stolt ordførar informerte kommunestyret om prisutdelinga som var i Oslo onsdag. Med seg i bagasjen heim hadde ordføraren eit bilete av grafikaren Terje Risberg, som skal få ein eigna plass på ein vegg i rådhuset.

– Og vi fekk 100.000 kroner.

Hovde lova at pengane ikkje skal gå i det store sluket.

– Det er mykje pengar, men når vi ser på nokre av sakene vi har handsama i møte i dag, så er det lite pengar. Men eg kan love at desse pengane skal gå til noko vi ikkje hadde hatt råd til om vi ikkje hadde fått prisen. Og dei skal vere knytt opp mot nynorsken. De skal få god informasjon, lova Hovde.