Det går fram av ei undersøking som VG har gjort om kommunesamanslåing i Noreg.

VG slår fast at annakvar ordførar i Noreg ynskjer kommunesamanslåingar, og to av dei er altså Hovde og Iversen.

Til VG svarar Hovde at det som talar for kommunesamanslåing med Volda er at utviklinga av infrastruktur og kommunikasjon gjer at fysiske stengsler ikkje lenger er til stades.

– Hadde vi teikna kartet for første gang i dag hadde det blitt ein kommune, seier Hovde.

Han meiner at det som talar i mot samanslåing er at staten ikkje gir gode insentiv til kommunar som vil slå seg saman i dag. Men konklusjonen er altså at Ørsta og Volda bør slå seg saman.

Arild Iversen meiner at det som talar for samanslåing er kort avstand mellom kommunesentra (10km), og ein felles bu og arbeidsmarknad.

– Ei samanslåing vil gje meir robuste og kompetente fagmiljø. Det vert lettare å rekruttere til ulike stillingar, seier Iversen til VG.

Elles er det verdt å merke seg at Hareid-ordførar Anders Riise seier nei til kommunesamanslåing, medan Ulstein-ordførar Jan Berset seier ja, men han vil ikkje seie kva kommunar Ulstein bør slå seg saman med.