Søknadsfristen til Samordna opptak er gått ut, og Informasjonskontoret ved høgskulen har eit litt anna fokus framover.

- No er vi midt oppe i eksamensperioden som gjerne er prega av stress og lange timar på lesesalen. Vi ønskjer å gjere dette til ei litt meir avslappa og koseleg tid, og vise studentane at vi bryr oss om dei. Det beste rekrutteringstiltaket vi har er jo at dei som studerer her har det bra, seier rekrutteringsansvarleg Ann Karene Rasmussen.

Åtte liter vaffelrøre gjekk raskt unna og mange studentar fekk ein litt trivelegare lese- eller skrivedag.

- Vi har fått veldig god respons. Det er tydeleg at studentane set pris på å få litt ekstra omsorg. Det er ein veldig fin måte for oss å møte studentane og snakke med dei om korleis dei har det i eksamenstida, seier Rasmussen.