– Om mogleg bør det i forlenginga av busslommer på Ose verte etablert eigna kontrollstader som Statens vegvesen og politiet kan nytte. Desse stadene bør vere så store av større køyretøy kan kontrollerast på trygg måte, heiter det frå lensmannen som også har registrert at førarar av større køyretøy kan ha behov for å stanse langs E39 i Ørsta sentrum, og at ei slik regulering kan storbiltrafikken vere tent med, seier Hagen i eit høyringsutspel til Statens vegvesen.

Rundkøyring

Om mogleg ber Hagen at Industrivegen og Osborgvegen vert knytt til E39 i ny og felles rundkøyring.

– Det er eit framtidsretta tiltak, som vil gje smidig trafikkavvikling og passande fartsnivå. Dagens kryssløysingar er svært uheldige. Ny kryssløysing bør særleg tilpassast behov storbiltrafikken har for å kome seg frå Industrivegen og inn på E39. Det vil seie at det bør unngåast at større køyretøy vert ståande i bakke på glatt føre før avsvinging til E39. Dagens gang- og sykkelveg bør gå som i dag, men nærare E39 frå Melsvegen til Ørsta camping. Gang- og sykkelveg frå Ose bru og Osborg har ujamt og dårleg dekke. Vegen bør oppjusterast.

Lensmannen påpeikar også at nye gatelys bør settast opp langs gang- og sykkelveg og E39 på strekninga Vekslet og Osborg.

Gatelys

– Gatelysa bør ha moderne standar, gjerne ledlys. Gatelysmastene som i dag er langs strekninga bør vurderast sanert. På strekninga Vekslet – Industrivegen bør det vere brei vegskulder. Vegskuldra kan då nyttast til sykling mellom badeplassen og Industrivegen, og vidare langs Sørestranda. I tillegg til å gjere utrykkingskøyring smidigare. Fotgjengarfeltet på Ose må vere optimalt plassert og opplyst, sett i høve til busslomme. For å sikre fartsreduksjon på dette punktet bør fotgjengarfeltet vere høgda.