I Ørsta og Volda kommunar har det kome inn 14 søknader for bygging av småkraftverk.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i brev til Norges vassdrags- og energidirektorat kome med fleire merknader til småkraftutbygginga. Dei understrekar at i fleire av dei fjorten prosjekta vil det vere behov for arkeologisk registrering i forhold til undersøkingsplikta og kulturminnelova, og i nokre tilfelle vil det vere behov for registrering med gravemaskin.

Dei fjorten søknadene om småkraftutbygging gjeld Holåa kraftverk, Helgåa kraftverk, Skår kraftverk, Indre Trandal kraftverk, Klubbeneselva kraftverk, Skarbøen kraftverk, Årsetelva kraftverk, Dravlaus kraftverk, Øygardselva kraftverk, Storelva kraftverk, Feirdalselva kraftverk, Osvatnet kraftverk, Vassbakke kraftverk og Osdalen kraftverk. I tolv av dei fjorten søknadene seier fylkeskommunen at det er potensial av ulike grad for funn av automatisk freda kulturminne. Det er berre Feirdalselva kraftverk og Osvatnet kraftverk som ikkje har registrert kulturminne i fylkeskommunen sine register.

Fylkeskommunen understrekar også at merknadene rundt kulturminne og kulturmiljø er generelle merknader til dei einskilde søknadene, og at merknadene kan vere av vekslande karakter og kvalitet sidan dei ikkje kjenner områda godt nok.

Natur og kulturlandskap

Dei fjorten konsesjonssøkte småkraftverka i Volda og Ørsta har samla ein årleg kraftproduksjon på om lag 128 GWh, og ein slik produksjon vil kunne gje straum til rundt 8.000 husstandar.

Fylkeskommunen påpeiker at det er avgjerande at inngrep i naturen vert vektlagt, og at utbyggingane i Hjørundfjorden ikkje skader fjorden som eit viktig reiselivsmål.

Fylkeskommunen vil at ein legg vekt på det visuelle utrykket i naturen og kulturlandskapet.

– Fjord Norge regionen si sterkaste merkevare er fjordlandskapet, der vassdrag og fossar er ein viktig del av dette bilete. Det ville vere eit tap i reiselivssamanheng dersom dei fleste vassdrag/fossar i fjorden bert redusert slik at dei ikkje lenger bidreg særleg mykje til landskapsbilete. Ei skånsam utbygging der ein tek omsyn til faktorar som er viktige for reiselivet vil truleg ikkje gje negative verknader, heiter det frå fylkeskommunen.