Dette seier sjef for slakteplanlegging i Marine Harvest region vest, Arthur Vartdal Midtgaard. Og han har all grunn til å vere nøgd. Dei siste vekene har lakseprisane berre gått oppover, og ligg no over 50 kroner per kilo.

36 prosent på fire veker

Ferske tal frå Nasdaq Salmon Index viser at lakseprisen dei siste fire vekene har stige med over 36 prosent. Prisen er på eit historisk toppnivå.

– Lakseprisane i heile 2013 har vore ein stor opptur. Det vart spådd at prisane skulle falle på sommaren og hausten, og bortsett frå ein liten dipp i haust gjorde dei ikkje det. Tvert imot, seier Midtgaard.

Årsaka til dei høge prisane er enkelt og greit at marknaden vil ha stadig meir av den norske laksen.

– Etterspurnaden i marknaden har vorte større. Vi har store organisasjonar som arbeider for norsk sjømat. Dei har gjort eit godt arbeid med å fronte norsk laks, som etter kvart har vorte ein god merkevare. Etterspurnaden etter mat i verda er alltid stor, og laks er eit sunt og godt produkt som fleire har fått auga opp for, seier Midtgaard.

Full produksjon

I Marine Harvest region vest smir dei medan jarnet er varmt og lakseprisane høge. På slakteriet i Fosnavågen har det vore full produksjon med doble skift sidan i sommar. Kvar dag går mellom 400 og 500 tonn laks ut dørene. Det aller meste rett til eksport.

– Mesteparten av volumet vårt går til utlandet. Litt går til Russland og USA, men det meste går til Frankrike, Spania og andre land i Europa. Vi har også vidareforedlingsfabrikkar tilhøyrande Marine Harvest i Polen og Nederland. Det går store volum til dei.

Vidare vekst?

Midtgaard er usikker på om prisen kjem til å halde seg på eit like høgt i framtida som no.

– Tradisjonelt er prisane veldig sesongbaserte. Korleis dei vert neste år, kan vi ikkje spå. Vi vil fortsette å produsere kvalitetsproduktet som laks er, så får vi håpe marknaden vil halde fram å betale godt for fisken. Førti kroner kiloen er veldig bra, så femti kroner kiloen som vi har no er heilt fantastisk. Akkurat no er det veldig kjekt å vere lakseoppdrettar, smiler Midtgaard.