Saka mot sunnmørsmannen i 40-åra starta i Søre Sunnmøre tingrett onsdag. Mannen svarte nei til spørsmålet om straffskuld på alle tiltalepunkta.
Truga
I tiltalen vert det hevda at tiltalte ved vald eller ved trugande åtferd skal ha skaffa seg seksuell omgang/samleie med ei 13 år gammal jente som han var lærar for. Hendinga skal ha funne stad på ein skule i februar 2013.
Han skal også over tid ha oppført seg seksuelt krenkande overfor jenta, ifølgje tiltalen.
For dette er han sikta for seksuell omgang med barn under 14 år, og for i ord eller handling å ha utvist seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd overfor barn under 16 år.
Bistandsadvokat Gerd Haagensen varsla om at det vil verte stilt krav om oppreisingserstatning for jenta.
Vidare i tiltalen kjem det fram at mannen skal ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot ei anna jenta som han også var lærar for, ei stund seinare.
Tre dagar
Forsvarar Annette Barlinn frå advokatfirmaet Staff nytta høvet til å minne retten om at saka først vart kjent eitt år etter at den påståtte handlingane skal ha skjedd, og at det difor er vanskeleg å føre motbevis for påstandane.
– Eg minner om at det er påtalemakta som har bevisbyrda. Det er ikkje min klient som skal måtte bevise si uskyld, sa ho.
Det er sett av tre dagar til rettssaka, og totalt er det kalla inn ni vitne.