I samband med den nye reguleringsplanen for Klubben II oppmodar lokallaget av Naturvernforbundet Volda og Ørsta kommunar om å samarbeide om ein områdeplan for masseuttak og deponi.
– Fleire av dei aktuelle uttaka ligg i «grenselandet» mellom dei to kommunane, og belastninga på vegnett og landskap følgjer ikkje alltid kommunegrensene. Målet med planen må vere å konsentrere ulempene der dei kan tolast best, skriv leiar Knut Festø i eit innspel til planarbeidet.
Festø oppmodar Ørsta kommune om å om å ta initiativ til å starte opp ei kartlegging av behova for masseuttak og massedeponi i Ørsta og Volda i framtida.
– Masseuttak må nok til, men dei må halde til der belastninga på natur, landskap og bumiljø blir små.