Måndag 23. januar stod plutseleg to statsrådar utanfor inngangsdøra til Lånekassen i Ørsta. Den eine var Sylvi Listhaug, den andre Jon Georg Dale, høvesvis nummer ein og to på stortingsvallista til Framstegspartiet i Møre og Romsdal. Dei hadde ei galdmedling å kome med: Dei 22 statlege arbeidsplassane skulle likevel ikkje flyttast vekk frå Ørsta.

– Det har vore ein tung haust, og frykta for nedlegging har lege som eit spøkjelse over oss, fortalde sakshandsamar Margunn Roen.

Kollega Aud Nesheim var også letta over avgjerda.

– Det er ikkje like lett å få seg ny jobb i vårt område som i byane. Og det ville ikkje ha vore berre berre å flytte på seg. No er vi letta og kjempeglade, også fordi politikarane har teke tak i saka og at ordførarane i Ørsta og Volda har stått på for oss, seier Nesheim.

Valår

Når både innvandringsminister Sylvi Listhaug og mat- og landbruksminister Jon Georg Dale kom til Ørsta for å gi dei tilsette gladmeldinga, var det vanskeleg å ikkje sjå det i samanheng med at det var valår.

– Møre og Romsdal er eit fylke som har slite med auka arbeidsløyse siste åra. Difor var det utruleg viktig for oss å jobbe for at Ørsta-kontoret skulle vidareførast, sa Listhaug.

Dårleg snøvinter

Året opna elles med litt snø, etter ei våt romjul, men snøen låg ikkje lenge. 5.januar kunne Møre-Nyttt melde at Mats Riise har tatt over kafedrifta ved Ørsta skisenter, men seongen vart dårleg.

Flyplassen derimot hadde eit godt år i 2016, og ein optimistisk flyplassjef vart intervua 7. januar. Godt år var det og for MC-deler på Vartdal, som fekk førstesida 12. januar. Dei kunne melde om 200 selde køyretøy, og salsrekord.

Vekta auka

Januar er slankemånad nummer ein, men når Møre-Nytt hadde overskrifta "Vekta aukar" 14. januar så var det ei gladnyheit. Mange eldre på institusjon slit med å få i seg nok næring. Men fleire eldre ved Ørstaheimen hadde gått opp i vekt etter at sjukeheimen hadde endra tidspunkta for måltida.

Ny brannstasjon

19.januar var ein stor dag for brannvesenet. Snora, som i dette tilfelle var ein brannslange,  kunne klippast for den nye brannstasjonen i Ørsta.

26. januar var det nyheiter frå dyreriket. "Museinvasjon i Ørsta og Volda" var overskrifta. Jion Helge Bjørndal ved Felleskjøpet fortalde om enormt sal av musefeller i ulike variantar.

Månadens nyheit om Osgeila: Handsaminga av saka i  samfunnsutvalet fekk sterk kritikk i kommunestyret.