Volda kommune har fram til no hatt seks røystekrinsar med færre enn 100 røysteføre (Hjartåbygda, Kalvatn, Høydal, Dalsbygd, Steinsvik og Velsvik, og i tillegg tre andre krinsar der det var færre enn 100 som røysta på valdagen ved valet i 2013 og 2015 (Lid/Yksnøy, Fylsvik og Bjørkedal).

– Nokre av røystekrinsane har så få røysteføre at vi kan stille spørsmål om prinsippet om hemmeleg val eigentleg vert oppfylt. I ein røystekrins med færre enn 100–150 røysteføre kan det i utgangspunktet vere vanskeleg å halde hemmeleg val. Dessutan er det ein del av veljarane som vel å ikkje røyste i «sin» krins på valdagen, men vel ein annan krins i kommunen, skriv administrasjonen i sakspapira.

I si tilråding ville dei gå frå 16 til seks krinsar. Dette vil også gjere valet rimelegare å gjennomføre. Valstyret i kommunen gjekk vekk frå dette. I si tilråding til kommunestyret sa dei: – Det er ein kommune si plikt å leggje tilhøva til rette slik at innbyggjarar med røysterett vert motiverte til å møte fram i røystelokala på valdagen. Ein viktig føresetnad for dette er at veljarane har kort /enkel veg dit. Difor skal talet på røystekrinsar i Volda kommune i komande val i oppretthaldast slik det har vore til no. I samband med den prosessen som Volda er i med omsyn til kommunesamanslåing, kan det med verknad frå 2020 verte aktuelt å vurdere inndelinga i røystekrinsar på nytt.

I kommunestyret la Margrete Bjerkvik (KrF) fram eit framlegg til fem nye valkrinsar: Dalsfjord valkrins: Velsvik, Ulvestad og Dravlaus. Folkestad valkrins: Steinsvik, Dalsbygd, Folkestad, Bjørkedal og Fylsvik. Austefjord valkrins: Høydal, Kalvatn og Fyrde. Mork valkrins: Mork og Lid/Yksnøy. Øyra valkrins: Øyra, Hjartåbygda og Vikebygda.

Dette skal vere gjeldande frå og med Stortings- og sametingsvalet 2017.

Ved røysting fekk tilrådinga frå valstyret åtte stemmer og fall. Framlegget frå KrF fekk 18 røyster og vart vedteke.

Etter avstemming kom Odd A. Folkestad (Frp) med ein protokolltilførsel: – I følgje vallova skal det innan 30/3 i valåret fastsetjast kvar innbyggarar med røysterett i kommunen skal røyste. Kommunestyret har i vedtak i sak PS 35/17 gjort vedtak om kva fem røystekrinsar kommunen skal delast ifrå og med Stortingsvalet 2017. Vedtaket inneheld ikkje tilvising kvar røysteføre i dei 10 røystekrinsane som vert nedlagde skal røyste ved Stortingsvalet 2017. Dette vedtaket er såleis mangelfullt og kan ikkje setjast i verk før tidlegast ved kommunevalet i 2019, om valstyret/kommunestyret til då gjennom vedtak har avklara dette.