Eit av dei nye tilboda er montering av DAB-radioar i bilar.

– Eg har inngått forhandlaravtale med Bassbrothers i Fosnavåg. Dei har god kvalitet og folk kan få montert akkurat den radioen dei ønskjer, fortel Eilertsen.

I starten av mars opna han ES Bilpleie i lokala til tidlegare Bergmann Trykkeri i Vikegeila. Der leiger Eilertsen lokale som er større enn han hadde i Ørsta Taxi-bygget ved kulturhuset, og lokalet er meir tilpassa Eilertsen si drift.

Eilertsen gjer alt slag for å gjere bilane finare, både innvendig og utvendig. Og det handlar om langt meir enn vask, rubbing og polering. Lars-Erik gir åtte års garanti på avansert lakkforsegling. Då påfører han bilane ein slags klarlakk som hindrar riper. For rundt 6000 kroner får kunden ein totalpakke som inkluderer vask og lakkreins, tostegs polering, forsegling av dekk og felg, motorvask, innvendig vask og ruteforsegling. Etter dette er bilen godt beskytta, og ein treng berre å vaske han nokre gonger i månaden utan å nytte avfeittning. Totalbehandlinga tek eit par dagar, i tillegg må bilen herdast i eit døgn.

– Det mest utfordrande med jobben er å fjerne riper i lakken. Her finn eg fram til ulike kombinasjonar av behandlingar, fortel bilpleiaren som erfarer at det er stor skilnad i vanskegrad på bilmerka.

Flekking

No utfører Eilertsen også flekking av rust og våtsliping av dette slik at bulkar i klarlakken forsvinn. Dekkskifte er også eit tilbod, og snart vil Eilertsen starte sal av vaskemiddel-produkt for bilar.

Montering av DAB-radioar er eit satsingsområde som Lars-Erik Eilertsen opplever stor interesse for.

– Etter at FM-bandet forsvann er det mange som har behov for å få montert DAB-radioar. Eg monterer langt rimelegare enn merkeverkstadane, seier Eilertsen som meiner det er viktig å ha fleire bein å stå på i ei tid der han framleis held på å innarbeide og byggje opp firmaet.

21. april inviterer han til poleringskveld i regi av BMW-klubben i fylket. Då vil han lære bort poleringsteknikkar og våtsliping.

– Eg har satsa på eit yrke eg trivst svært god med. Sjølv om det går i bølgjer, har eg hatt mykje å gjere sidan eg etablerte meg 1. desember.

Bilpleie: ES Bilpleie held til i tidlegare Bergmann Trykkeri i Vikegeila. Foto: Roy-Arne Folkestad