Klokka 01.55 natt til laurdag fekk politiet telefon frå ein person som klaga over høg musikk frå naboen. Politiet reiste til staden og fekk dempa lyden.

Klokka 03.00 natt til søndag var det i Volda det vart festa hardt. Denne gongen frå eit hybelhus. Politiet fekk roa ned festen. Det skal ikkje vere første gongen det er mykje fest på den adressa.