Sommaren 2011 starta Tussa Nett å fornye og forsterke 22 kV-linja mellom Standal og Ørsta. Onsdag 28. mars vart linja kopla saman i Follestaddalen, og anlegga nærmar seg no ferdigstilling til glede for både forbrukskundar og kraftverk i området.

På grunn av at forsyninga i området til ei kvar tid skal haldast oppe, og at kraftverka i området skal få minst mogleg ulemper i byggetida, har prosessen vore krevjande.

Miljøgevinst

Frå Standal til Øyadalen  vert  22 kV linja no lagt i jordkabel, og luftlinja på denne strekninga vert fjerna.  Dette gir ein god miljøgevinst for heile strekninga frå Kolåsen, over Standaleidet og ned til Standal.

I Follestaddalen gir tiltaka også ein del opprydding i nettet, og dermed ei positiv miljømessig utvikling.

– Under omlegginga har Tussa måtte ta omsyn til dei private kraftverka i Follestaddalen og Tussa sitt kraftverk på Trandal, men tapet i kraftproduksjon har  vore marginale under linjeombygginga. Dei private kraftverka i Follestaddalen vil no få eit sikrare nett å levere produksjonen til.  Dei nye anlegga gir også betra forsyningssikkerheit for forbrukskundane i området, fortel prosjektleiar Ivar Liaset.

Attståande arbeid

Det står att noko arbeid med kabellegging ved Dalegjerdet kraftverk, som skal stå ferdig i løpet av våren 2012. Dette vil kome på plass innan kort tid. Vidare vert det riving av gammal luftlinje og ein del oppryddingsarbeid. Dette arbeidet vil gå føre seg frå påske og framover våren.

Nye løysingar

Tussa Nett har hatt eit sterkt aukande problem med hakkespett som skadar trestolpar. På grunn av dette har Tussa velt å montere nokre master fremst i Øyadalen av komposittmateriale.

– Dette er ein relativt ny utvikling på stolpar. Tussa Nett har brukt komposittstolpar i nokre prøveprosjekt, og erfaringane så langt er gode. Nytt komposittmateriale vil ikkje verte skadd av hakkespett. Materialet har også lang levetid og vi unngår problem som til dømes ròte.