Det er barnevernsleiar Brynhild Solvang godt nøgd med. Ho seier at førebygging er eit sentralt stikkord i samband med at barnevernet sin vakttelefon har hatt lite trafikk.
Innbyggjarane i Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta hadde felles vakttelefon for dei som hadde behov for å kome i kontakt med barnevernet i jula.
Førebyggjande
– Det vert jobba godt på det førebyggjande plan i barnevernet vårt, og det er viktig å vere føre var i saker vi kjenner der det kan oppstå ulike kriser, seier Solvang.
Barnevernet budde seg godt før julehøgtida på at det kunne oppstå situasjonar som kunne verte vanskelege for unge.
– Vi har teke alle sags forholdsreglar, seier barnevernskleiaren.
Ho er altså tilfreds med situasjonen for jul og nyttårsdagane.
– Men dette betyr likevel ikkje at born ikkje kan ha hatt det vanskeleg i jula, slikt kan vi sjølvsagt ikkje vite heilt sikkert, seier Brynhild Solvang.