Det kunngjorde ordførar Rune Hovde under kommunestyremøtet i Ørsta torsdag.

Kunngjeringa vart gjort under spesielle omstende, for Ottar Vartdal har hatt eit dødsfall i nær familie dei siste dagane. Difor vart det bestemt at næringsprisen vert delt ut ved eit seinare høve, og grunngjevinga vert heller ikkje offentleggjort før sjølve utdelinga.

Ottar Vartdal fekk nyleg næringsprisen til Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Ottar Vartdal er ein av dei mest sentrale gründerane innan oppdrettsnæringa, og er med i selskap som både driv smoltanlegg og matfiskanlegg med base på Vartdal.