Sjå nøye på desse fjesa, for desse karane ser du vanlegvis berre ryggen til. Her er det vidgjetne stafettlaget til Norangdal IL frå 1982. Det er laget som vart portrettert på Dagsrevyen dagen før Holmekollstafetten det året.

Laurdag feira Norangdal IL 100 år, og at av dei mange høgdepunkta under festen var då noverande leiar i Norangdal IL, Jon Arne Nordang, kalla opp deltakarane på stafettlaget ein etter ein.

- For eg må vedgå ein tabbe. Eg var oppmann for laget i 1982, og her ein dag medan eg rydda før jubileumsfesten her på Konsul Endresens Minne, fann eg ein konvolutt med diploma de skulle ha etter deltakinga i 1982. No får de dei, sa Nordang.

Nøkkelåret 1982

1982 var eit nøkkelår for Norangdal Idrottslag. Aktiviteten har knapt vore høgare, og det var året med rekorddeltaking i Norangdal IL sitt eige storarrangement, Patchellstafetten.

Seksten karar frå bygda konkurrerte om å vere med på det sportslege høgdepunktet, som var deltakinga i Holmekollstafetten i Oslo. Det var femten plassar på laget, og Leif Arne Øye, innehavar av Patchellmedaljen, kapra den siste plassen.

Dagsrevyen

Det at ei lita bygd greidde å mønstre eit lag til Holmenkollstafetten var ein ting, men kvaliteten på løparane var også god. Og det fekk NRK Dagsrevyen til å laget eit innslag om laget.

Filmen vart sjølvsagt vist på jubileumsfesten, og det var opptak både frå Norangdal og den siste treningsykta utanfor Bislett stadion i Oslo.

Mellom anna vart Sivert Sellereite intervjua, og han lova ny løyperekord til laget, og at erkerivalen Sunnylven IL skulle verte slått. Begge deler viste seg vanskeleg. Løypa var nemleg lengd utan at Norangdal IL visste om det – og Sunnylven IL sine løparar vart verkeleg tende.

Spionar

- Vi såg innslaget på Dagsrevyen, og mellom oss løparane på frukosten før start var det berre ein ting som vart sagt: ”I dag gir vi alt”, fortalde Jon Arne Langeland frå Sunnylven under festen laurdag. Han røpa også at Sunnylven sende spionar til Norangdal om vinteren for å få rapportar om treningsinnsatsen.

- Det skjedde under pelsinga, då det var folk frå bygda vår som reiste til Norangdal for å hjelpe til. Dei hadde eit klart mandat om å rapportere tilbake om treningane til Norangdal IL, fortalde Langeland.

Og Sunnylven sine løparar gav verkeleg alt. Dei slo Norangdal IL med to sekund.

Men vanlegvis var Norangdal sine løparar nokre steg føre.

- Det var kjekt å sjå andleta dykkar her i kveld, for sanninga er at dette er folk vi berre har sett ryggen til, sa Langeland.

Ordførar Rune Hovde merka seg også lagpresentasjonen.

Nytt løp?

- Og etter å ha sett kor staute desse karane framleis er, ville eg ha utfordra Sunnylven IL til eit nytt løp, sa Hovde.

Det var ikkje Langeland framand for heller. Og då spørst det kva desse karane seier. Dette er stafettlaget til Norangdal IL frå 1982: Svein Arne Øye, Sivert Sellereite, Johan B. Øye, Steffen Nordang, Elias Øye, Leif A. Øye, Lars Jostein Norangshol, Edvard Nordang, Jon Arne Nordang, Sigbjørn Fivelstad, Eivind Øye, Idar Nordang, Oddvar Schmidt Skylstad, Steinar Schmidt Skylstad og Olav R. Seljeset.