Torsdag besøkte avdelingsdirektør i Skatt Midt-Norge. Per Helge Rise, Volda kommunestyre for å informere om bakgrunnen for at dei no søkjer Skattedirektoratet om å få legge ned Skattekontoret i Volda og overføre dei tilsette til kontoret i Ulstein.

Få tilsette

– Volda var for få år sidan eit robust kontor med 20 tilsette. I dag er dei seks att, og to av dei nærmar seg pensjonsalder.

Skatt Midt-Norge har hatt strenge budsjett å halde seg til, og når folk har slutta har dei ikkje hatt ressursar til å erstatte desse.

– I Volda har dette slått uheldig ut fordi det tilfeldigvis er slik at det er ekstraordinært mange som har slutta her, utan at det har vore muleg å få rekruttere nye.

Rise fortel at digital satsing også har gjort at det har vorte mindre arbeid på dei tilsette. Folk kan i større grad ordne det dei treng på Internett, og slepp å oppsøkje eit fysisk kontor.

– Det viser seg også at besøkstala i Volda har hatt langt større nedgang enn ved samanliknbare kontor andre stader, seier Rise.

Til Ulstein

Skattekontoret i Volda leiger lokale på Spinneriet. Denne leigeavtalen går ut til sommaren. I Ulstein har dei nyleg gjort ei meir langsiktig avtale. Kontoret har også langt fleire tilsette enn i Volda, med sine 16 medarbeidarar.

–Vi ser det slik at det er rom for dei tilsette frå Volda i Ulstein.

I Romsdal er det eitt skattekontor i Molde, mens det på Søre Sunnmøre er tre kontor, i Ulstein, Volda og Vanylven. Kontoret i Vanylven stengjer til sommaren, og dei to som jobbar her får også tilbod om å halde fram i Ulstein.

Tenke nytt

– Mykje har skjedd dei siste åra, og mellom anna har vi fått landfast samband mellom Volda og Eiksund. Det gir mulegheiter for å tenke nytt, seier Rise.

Medlemene i kommunestyret var ikkje udelt glade for nyheita om at Skattekontoret i Volda kan verte lagt ned. Gunnar Strøm (SV) stilte spørsmål ved om dette var ei styrt avvikling frå Skatt Midt-Norge si side. Dette avviste Rise.

– Dette er ein situasjon vi har hamna i, og då har vi sett på mulegheitene for å betre situasjonen for dei som sit att.

Rise seier at dei tilsette i Volda har hamna i eit uføre i forhold til det å høyre til eit godt fagleg miljø. Han fortel at dei har ei målsetjing om at kontora deira skal ha mellom 15–20 tilsette.

Dan Bjørneset (H) kommenterte også at det med Kvivsvegen på plass er feil veg å gå å etablere eit felles kontor i Ulstein.

– Det vert i utkanten av den nye regionen, mens Volda er sentralt, sa han.

Finansdepartementet

Per Helge Rise seier at det har vore ein lang, grundig og tung prosess dei har gått gjennom saman med dei tilsette.

– Vi har tenkt at dette er ein framtidsretta måte å løyse dette på.

Ein uttale frå Volda kommune vert lagt ved søknaden til Skattedirektoratet om å få legge ned kontoret i Volda frå 1. juli. I uttalen skriv Volda at dei framleis ønskjer skattekontoret lokalisert i Volda, og at dei ikkje aksepterer ei nedlegging.

Skattedirektoratet skal vidare sende søknaden til Finansdepartementet, då dei er dei einaste som kan ta ei avgjerd om omstrukturering av skattekontora.