– Vi driv sunt og godt. Ingen har fasiten, men det ser bra ut for 2014.

Avdelingsbanksjef personmarknad og avdelingsbanksjef bedriftsmarknad, Arne Lothe og Bergsvein Øverlid i Nordea, fortel om eit godt resultat for 2013, og ein pangstart på 2014.

– Vi sit midt i gryta. Trykket langs kysten er høgare enn lenger inne i landet, og vi er definitivt ein del av kysten.

Lite tap

Inntektene for Nordea Region Nordvest (Frå Kristiansund til Måløy/Stryn), viser ein auke i inntektene på 20,6 prosent i 2013 samanlikna med 2012. Resultatet etter tap var på 587 millionar kroner, og banken hadde historisk høge valuta- og renteinntekter.

– Det er næringslivet som handlar valuta. Vi har eit eksportretta næringsliv, seier Øverlid.

Utlån til bedriftskundar auka med 6,8 prosent, og utlånet til privatkundar auka med 4,5 prosent.

– Tap på lån og garantiar var på låge 0,08 prosent av netto utlån. Vi har utruleg lite tap. Kundane har gjort opp for seg, seier Lothe.

Motstraums

Dei to banksjefane fortel at Ørsta og Volda dreg nytte av stor aktivitet i ytre, og vice versa.

– Konsekvensen av nye vegsamband viser godt att. Det ser vi på arbeidsbilane som køyrer gjennom Eiksundtunnelen, seier Øverlid.

Han fortel om gode tider langs kysten, mens det innlands er trongare tider.

– Her har vi utbyggjarar og entreprenørar som har vekse seg store og som også har orientert seg ut av fylket. Vi har ei A-typisk utvikling på Søre samanlikna med resten av Noreg.

Rigga for vekst

Øverlid seier at banken er «spenna klar» for vidare vekst, og at dei er rigga for å tole det som måtte kome. Han viser til god aktivitet med bygging av bustader og næringsbygg, høgt aktivitetsnivå innanfor entreprenørbransjen og låg arbeidsløyse.

– Det er gode tider, og det er klart at det heilt sikkert ikkje vil fortsette på denne måten i all framtid. Spådomen er ei svekka krone. Mange faktorar spelar inn, men vi står med opne armar. Om nokon har gode idear dei vil sette ut i livet er vi rusta for å kunne hjelpe dei vidare.

Dei to avdelingsbanksjefane ser lyst på tida framover.

– Vi er privilegerte som får jobbe i eit slikt område.