Nye Rema 1000 på Ose vert dobbelt så stor som dagens butikk.

– Vi gler oss veldig til å presentere kundane våre for ein hypermoderne butikk, seier kjøpmann Hermann Vatne.

Den nye Rema-butikken får eit salsareal på 1050 kvm butikkareal. Det er altså dobbelt så mykje som dagens salsareal. Heile nybygget vil utgjere 1500 kvm.

– Butikkbygget vert firkanta. Det gjer at vi kan innreie han straumlineforma, sameleis som butikken i mellom anna Ulsteinvik. Dette gjer det lettare å jobbe i butikken, og det vert betre forhold for kundane, fortel Vatne.

Også parkeringsforholda vert langt betre enn i dag.

I rute

Hermann Vatne fortel at prosjektet er i rute, og at mange av fundamenta i grunnen er støypte. Tilkomsten vert gjennom nytt kryss som no er under utbygging.

Rema Eigedom AS er utbyggjar og Hent AS i Trondheim er hovudentreprenør.