Hendinga fann stad i Volda i fjor vår. Mannen trilla ein lett motorsykkel 3–4 meter bortover eit fortau mens han sat på motorsykkelen. Hensikta var å få start på motorsykkelen, men det lukkast han ikkje med. Mannen erkjende at han var full på tidspunktet, og blodprøve viste promille på 2,09. Retten meiner at trillinga må sjåast på som eit forsøk på føring av motorvogn i påverka tilstand.

Mannen er tidlegare domfelt ein rekkje gonger, der fem tilfelle har vore for promillekøyring. Dei tidlegare dommane vart sett på som straffeskjerpande, men det vart teke omsyn til at trillinga var eit smålåtent brot på lova.

Mannen vart dømd til 45 dagar i fengsel, og fekk ei bot på 20.000 kroner.