Om ho ikkje var koma allereie, kom nok julestemninga sigande då lysa i grana lyste opp haldeplassen i Ørsta sentrum søndag. Med nysnø på greinene og minusgrader i lufta, var alt som det skulle på ei julegrantenning.

Ørsta hornmusikk stod som vanleg for den musikalske delen, og serverte ei fin samling julesongar.

Tale for dagen var det pastor Kjersti Gulli Petersen i frikyrkja som stod for.

Ho var glad for at grana hadde overlevd stormkasta dei siste vekene, og at så mange hadde møtt opp for å sjå på julegrantenninga og gå rundt treet.

– Det lovar veldig godt for ei bygd som tek kvarandre i hendene og knyt venskapsband. Då spelar det lita rolle om ein er kjende eller ukjende, og om ein har budd her kort eller lenge. Dette er uansett vår bygd og vårt store juletre, sa Petersen.

Vidare fortalde ho om juletreet og kva dei ulike pyntegjenstandane på treet symboliserer.

Etter talen vart det samla inn pengar til tyfonofra på Filippinane, før Redd Barna sitt årlege fakkeltog gjekk gjennom Vikegata til kyrkja der det vart halde lysmesse.

Ørsta hornmusikk spelte på julegrantenninga.
Kirkens Nødhjelp samla inn pengar til tyfonofra på Filippinane.