Ørsta kommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått utsett høyringsfristen for merknader til søknadene om å byggje ut sju småkraftverk i Ørsta kommune.

Til saman har ymse utbyggjarar søkt om å få byggje ut fjorten småkraftverk i Ørsta og Volda kommunar. Medan Volda kommune er i gang med å handsame søknadene der, har altså Ørsta kommune bedt om utsetjing av høyringsfristen.

Heilskap

NVE har bedt om ei samla vurdering for småkraftutbyggingane i dei to kommunane, fordi det er ynske om at sakene skal sjåast i ein heilskap.

Dei sjø søknadene som gjeld Ørsta kommune er Holåa kraftverk og Helgåa kraftverk i Norangsfjorden, Skår kraftverk, Indre Trandal kraftverk, Klubbeneselva kraftverk og Skarbøen kraftverk i Hjørundfjorden, og Årsetelva kraftverk i Bondalen.

Også sju i Volda

I Volda kommune gjeld søknadene Dravlaus kraftverk, Øygardselva kraftverk, Storelva kraftverk, Feirdalselva kraftverk, Osvatnet kraftverk, Vassbakke kraftverk og Osdalen kraftverk.

Medan Fylkesmannen og Ørsta kommune altså får utsett frist, har Møre og Romsdal fylkeskommune allereie kome med merknader. I denne merknaden vert det mana til varsemd når det gjeld kraftutbyggingane i Hjørundfjorden, då fossefalla og elvane er viktige for den veksande reiselivsnæringa.

4. juni

Fylkesmannen og Ørsta kommune har fått frist til 4. juni med å kome med merknader.