– Meld på din heimkommune i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2013, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For femte året på rad skal statsråden dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho vonar mange nynorskkommunar vil vere med i konkurransen.

– Me ynskjer forslag på kommunar som har eit medvite forhold til nynorsk, arbeider for å styrkje kvaliteten i språket og som sjølve er aktive brukarar av nynorsk i tenestene sine bør søkje. Eg veit det blir gjort mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane, så her burde det vere mange aktuelle kommunar som kan søkje, seier Navarsete.

Kommune eller fylkeskommune

Prisen skal gå til ein kommune eller fylkeskommune med nynorsk som målform. Kriteria for prisen er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Tidlegare vinnarar av prisen er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012).

– Alle nynorskkommunar og – fylkeskommunar er velkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år, seier statsråden.

Kriterium

Kriteria for prisen er innsats på minst eitt av områda som er nemnde nedanfor:

* aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar

* aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Det kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen

* god målbruk blant tilsette

* marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement

* tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule

Søknadsfristen er 31. august 2013. Prisen blir delt ut i slutten av september.