Julaftan er den desidert største publikumsdagen i norske kyrkjer. I fjor var det 550.789 personar som gjesta ein Julaftangudsteneste i Noreg. Dette er nesten ti prosent av det totale gjestetalet i Den norske kyrkje i løpet av heile fjoråret.

Julebesøk i Ørsta

Også i Ørsta kommune er Julaftan den store, store kyrkjedagen. I fjor var det 1.831 personar som gjesta Julaftangudstenestene i kommunen sine kyrkjer. Dette er akkurat ti prosent av alle dei 18.319 kyrkjegjestingane i Ørsta i løpet av fjoråret. Det blei gjennomført totalt 163 gudstenester i kommunen i fjor. I Volda kommune var det 1.510 personar som blei freista til å gjeste kyrkja på julaftan i fjor – noko som her utgjer 8,5 prosent av alle dei 17.786 gjestingane i kyrkjene i 2012. Det var totalt 168 gudstenester her i fjor.

– Størst og viktigast

– Sett frå eit folkekyrkjeperspektiv er dette det absoluttet største og viktigaste kyrkjelege høgtida – og som blir feira på eit tidspunkt der mange er heime. Den har appell til heile familien og ikkje minst barna. Julesongar, julemat og gåver utgjer ein vesentleg del av jula, men også underet om at Gud blei menneske og solidariserte seg med menneskja, påpeiker seniorrådgivar i Kirkerådet, Per Tanggard.

Motstraums

Dei lokale tala frå fjoråret var i Ørsta ein auke frå året før. Faktisk var det 356 fleire som gjekk i kyrkja på Julaftan i fjor, enn i 2011. Dette gir altså ein vekst på heile 24 prosent, noko som står i sterk kontrast til utviklinga elles i Noreg og Møre og Romsdal. På landsbasis blei det ein nedgang på 4,9 prosent, mens det i Møre og Romsdal var ein reduksjon på to prosent. I Volda var det nøyaktig det same talet som gjekk i kyrkja på Julaftan i fjor som året før.

Vêret og Donald Duck

– Det er nok ein del allmenne faktorar som kan ha hatt betydning for utviklinga. Blant anna kva dag julaftan kjem på. Dersom det er svært kaldt, glatte vegar, snømengder, regn og vind, så har det også aktualitet for oppmøtet, seier Tanggard.

– Men vi kan heller ikkje sjå bort frå at julaftangudstenestene i ein del familiar kanskje ikkje har same verdi eller appell som dei hadde tidlegare. TV-tradisjonane med Donald Duck og Sølvguttene er blitt ein viktig del av jula, og kan bli prioriterte framfor kyrkja, legg han til.

I Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane auka kyrkjeoppmøtet i fjor, som einaste av dei 19 fylka.

– Nokre stader har ein på bakgrunn av erfaringane frå året før med fulle kyrkjer, funne det nødvendig å auke mengda gudstenester på julaftan. Dette aukar moglegheita for å finne eit tidspunkt som passar, og som har hjelpt til at ein slepp å stå i kyrkja, seier Tanggard.