På Sunnmøre har Norsk landbruksrådgjeving kontorstader i Ørsta og i Ålesund. Årleg har forsøksringen fått midlar frå kommunane i støtte.

– Finansieringa av Norsk landbruksrådgjeving, Sunnmøre, er eit spleiselag mellom landbruksnæringa og det offentlege. I dag dekkjer det offentlege knapt ein fjerdedel av kostnadene. Sidan opprettinga av forsøksringen på Sunnmøre for nær tretti år sidan, har søknadssummane til kommunane vore lite endra. Overføringane til forsøksringen over jordbruksavtalen har vorte redusert. Dette fører til at vi er minst like avhengige av kommunetilskotet som før. Ein større del av inntektene til forsøksringen kjem i dag gjennom medlemskontingent, sal av tenester og prosjektarbeid, orienterer styreleiar Geir Longva.

Han er overtydd om at forsøksringen kan spele ei viktig rolle for landbruksnæringa i åra som kjem, fyrst og fremst fagleg, men også sosialt.

– Vi meiner at offentleg landbruksforvaltning og privat rettleiingsteneste i framtida vil ha stor gjensidig nytte av kvarandre. Tettast mogleg samarbeid kan gje fordelar for begge partar. I framtida reknar vi med at Norsk landbruksrådgjeving Sunnmøre vil samarbeide tettaste med kollegaer i Møre og Romsdal og på Vestlandet. Nye samanslåingar er ei sannsynleg utvikling på sikt, seier Longva.

Som namnet seier, utfører forsøksringen mykje forsking. Mellom anna er forsøksringen i gang med å kartleggje korleis mineralinnhaldet i gras kan vere førebyggjande for mjølkefeber. Vidare vert det prøvd ut nye middel om ugras som høymole, dikesvinblom og anna ugras i eng og beite. I tillegg til forsking, arrangerer også forsøksringen fagsamlingar for bøndene, der det vert gjeve ymse rettleiing om husdyrhald, plantevern osb.

Søknadssummen frå forsøksringen er den same som han har vore dei siste tjuefem åra. Det vil seie at Ørsta kommune vert bedne om å medverke med 35.000 kroner og Volda kommune 15.000 kroner. I alt tolv kommunar får søknad om støtte.