Statens vegvesen har tildelt Ørsta-entreprenøren, i samarbeid med Implenia Norge AS oppdraget med bygging av ny E6 mellom Vinstra- Sjoa.

Også AF Gruppen Norge AS og Veidekke Entreprenør AS la inn bod, men nådde altså ikkje opp. Implenia/K.A. Aurstad sitt tilbod var på 1,566 milliardar kroner. Planlagt byggjestart er i slutten av januar 2014.

Veg, bruer og tunnel

Tilbodet gjeld bygging av ny E6 på den 16 kilometer lange strekninga mellom Vinstra og Sjoa i Oppland. Dette er del to av utbygginga av den 34 kilometer lange E6-strekninga, og omfattar mellom anna bygging av ein 3,6 kilometer lang tunnel gjennom Teigkampen, og 23 konstruksjonar (bruer, tunnelportalar, over- og undergangar med meir). Det er allereie starta utbygging av strekninga Frya-Vinstra, deretter skal strekninga Vinstra-Sjoa byggjast frå 2014 til 2016, før dei siste to strekningane, mellom Ringebu og Frya og Sjoa og Otta, skal byggjast.

K A Aurstad AS vil ikkje gje nærare uttale i saka før klagefristen er omme. Fristen er 23. desember kl 12.00.