Svein Berg Rusten vart denne veka tilsett som ny helse – og omsorgssjef i Volda kommune.

Det melder kommunen på sine heimesider.

Svein starta i Volda kommune i 1994 i stillinga som avdelingsleiar for funksjonshemma. I  2002 gjekk han inn i stillinga som assisterande pleie- og omsorgssjef, og i 2014 vart han assisterande helse- og omsorgssjef. Sidan desember 2016 har Svein vore konstituert helse- og omsorgssjef i Volda kommune.

- Svein kjenner fagområda og organisasjonen svært godt, og er glad for å få den utfordringa det er å leie helse- og omsorgssektoren, melder Volda kommune.

- Det er ei veldig spennande tid vi går inn i. Ikkje minst med tanke på kommunesamanslåinga. Men også det vidare arbeidet med samhandlingsreforma og innføring av velferdsteknologi vil krevje mykje av oss, seier Svein.