Så hamnar Osgeilsaka i kommunestyret til slutt. Den kom inn bakvegen, via ein anke som inneheld krass kritikk av måten saka vart handsama på i samfunnsutvalet tysdag. Det er nok der, i kommunestyret, at Osgeilsaka høyrer heime, når alt kjem til alt. Det vert oppfatta som mest demokratisk. Men bakgrunnen for at den hamna der er ikkje akkurat nokon siger for lokaldemokratiet.

Det byrja alt på synfaringa tysdag «Her vart det for mykje kakling» uttalte utvalsleiaren, og drog politikarane vekk frå dei frammøtte bebuarane i området. Omgrepet «kakling» var brukt to gongar. Slik flåsete språkbruk er å hive bensin på eit bål som brenn altfor friskt frå før.

I møtet gjekk det heller ikkje så veldig bra. Utvalsleiaren prøvde seg på det som må kallast eit stunt, nemleg å få til eit vedtak som fleirtalet kunne stille seg bak. Det er prisverdig å prøve, men det enda nokså nært kaos. Dette var for dårleg førebudd, og for dårleg gjennomført.

Tidlegare har dette stått på leiarplass i Møre-Nytt: «Samfunnsutvalet har svekka sin autoritet med si sakshandsaming. Det er ikkje uvanleg at kandidatar som har stroke til eksamen får ein sjanse til, men i denne saka er det nok ikkje eigna til å skape ro.»

Kandidaten det vert sikta til er samfunnsutvalet, som altså handsama Osgeilsaka for andre gong tysdag. Sjølve sakshandsaminga kvalifiserer til ny strykkarakter. Og det er lite tvil om kven som har ansvaret.

Det er berre å ønskje kommunestyret lukke til med handteringa av dette brennbare materialet. Og vedtaket som fleirtalet i samfunnsutvalet er kanskje ikkje det dummaste å byggje på?

Dette handlar om omsynet til både harde og mjuke trafikantar i eit stort område- ikkje berre Osgeila. Og det handlar om å skape forsoning i eit splitta nabolag.